Kirkens Nødhjelp magasinet

01 2018

Der rikdom skaper fattigdom

Aktuelt: Angola

Der rikdom skaper fattigdom

Dei bur i eit land med ein enorm rikdom, men dei treng likevel pengehjelp utanfrå for å kunne halde på jobbane sine. Dei er menneskerettsforkjemparar i Angola.

Bygget har ein beskjeden fasade med gitter utanpå vindauga, og trappeoppgangen gjev assosiasjonar til ei gamal sovjetisk bustadblokk. Det er i desse anonyme lokala dei held til, den vesle organisasjonen AJPD, som kjempar ein menneskerettskamp i Angola. Det er ingen enkel kamp.

– Angolanarar som jobbar med menneskerettar, må vere førebudde på at alt kan skje. Regjeringa ser på oss som politikarar, og ikkje nøytrale. Men eg er ikkje redd. Me veit kva me risikerer, og alle skal døy ein dag, seier 42 år gamle Lucia da Silveira.

Nokre rike, mange fattige

Ho har gått gradene i organisasjonen og er i dag leiar. Ho fortel om ein kvardag der det må balanserast på stramme liner mellom kva dei ønskjer å seie, og kva som er trygt å seie. Målet er å opplyse folk om menneskerettar og gje råd til styresmaktene.

– Det er mykje korrupsjon i Angola, og me vil informere folk om kva som skjer. Me er opptekne av at rettssystemet vert styrka slik at ingen får dom utan ein ordentleg rettssak, me vil ha lovar som tvinger selskap som opererer i Angola til å ta eit sosialt ansvar, og me vil at det skal vere mogleg å seie meininga si opent og demonstrere utan å bli arrestert, seier da Silveira.

Eit av hovudmåla for organisasjonen er å unngå at folk vert uskyldig dømde. Ei sak som har engasjert mange, er den såkalla «15+2». 15 ungdomsaktivistar vart arresterte i juni 2015 etter å ha demonstrert på fredfullt vis, og i tillegg vart to kvinner sikta for aktivisme. Aktivistane vart arresterte utan ein rettvis rettssak, og saka engasjerte mange i Angola. Til slutt slo høgsterett fast at styresmaktene skulle flytte dei 17 frå fengsel til husarrest, men deira framtidige skjebne er framleis ukjent.

– Fengsla i dette landet er fulle, men ingen av dei som stel statens pengar, sit der. Me treng å styrke rettssystemet og få til ei endring, seier da Silveira.

Etter Nigeria er Angola det landet i Afrika som tener mest pengar på oljeverksemd, og Statoil har operert i landet 25 år. I tillegg er det mange diamantgruver i dei nordlege områda. Men sjølv om landet har blitt rikt på olje og diamantar, så er det eit mindretal som drar nytte av det. Over 70 prosent av folket lever i djup fattigdom.

– Oljepengar held fram med å fôre tryggingsstyrker og regjeringas familie. Dei hald på makta. Om dei kan tape eit val, kjem dei til å stanse valet, seier da Silveira.

Livet er som ein flykabin

Organisasjonen hennar har motteke støtte gjennom Kirkens Nødhjelp i fleire år, og det har vore heilt avgjerande for kontinuitet i arbeidet.

– Me er heilt avhengige av støtte utanfrå, Kirkens Nødhjelp og andre europeiske partnarar hjelper oss til å bygge kapasitet og halde oppe trykket, seier da Silveira.

Julio Candeeiro
Julio Candeeiro

Det same seier broder Julio Candeeiro. Han er generalsekretær i Mosaiko, ein annan menneskerettsorganisasjon som får støtte gjennom Kirkens Nødhjelp.

– Kirkens Nødhjelp har vore ein trufast partnar som har respekt for arbeidet me gjer, og som gjev rom til at me får kome med våre eigne forslag, fortel Candeeiro.

Både Mosaiko og AJPD har dialog med styresmaktene i Angola, sjølv om dei ofte også er kritikarar til regimet.

– Livet er som ein flykabin. Me er alle på veg mot same destinasjon, men me kan sitte i ulike klasser. Men om det oppstår ei krise på flyet, er det ei krise for alle. Så me står likevel saman og er nøydt til å finne felles løysningar, seier Candeeiro.

Optimisme med ny president

Han er høgt utdanna frå Sør-Afrika, Elfenbeinskysten og Angola, og han har jobba med menneskerettar i mange tiår. Han er håpefull for framtida, men det er framleis mange utfordringar i Angola.

– Folk i Angola treng meir kunnskap og innsikt for å skjønne at dei er offera for korrupsjon og ulikskap. Samstundes har Angola ei blodig historie med ein lang krig for sjølvstende og påfølgande borgarkrig. Så mange er nøgde så lenge det er fred. Men no veks det fram ein generasjon som ikkje hugsar krigen, og som veit at krigen ikkje er årsaken til at det er forskjell på folk. Dette har ført til demonstrasjonar, og om det ikkje blir nokon endring, blir det fleire demonstrasjonar, seier Candeeiro.

Både Candeeiro og da Silveira er optimistiske etter at Angola fekk ny president tidlegare i år. Den nye presidenten, Joao Lourenco, lova under valkampen å distansere seg frå sin forgjengar. Og endringar har alt skjedd, for dottera til den førre presidenten, Isabela dos Santos, vart i november sparka som styreleiar i det statlege oljeselskapet Sonangol. Ho er Afrikas rikaste kvinne og god for 27 milliardar kroner.

Om korrupsjonsomfanget vert mindre i framtida, vil tida vise, men det er uansett godt å vite at Kirkens Nødhjelps tapre partnarar held fram kampen for rettferd i Angola – og dei synest at mykje går i riktig retning.

Tilbake