Kirkens Nødhjelp magasinet

01 2020

Andakt

Fasteaksjonen 2020

Andakt

Ein tidleg morgon sat eg i drosje på veg til flyplassen. Sjåføren var pratsom, eg var trøytt, men ein god prat er ein fin måte å vakna på. Han var nysgjerrig på kva eg gjorde, og sidan eg skulle til utlandet – det hadde han funne ut – lurte han på kva for eit oljeselskap eg jobba for. Eg jobbar mest med den siste olje, sa eg, og la fort til at eg var prest og arbeidde med den kristne kyrkjas globale engasjement. Dette syntest han var spennande, og det oppmuntra han til fortelja korleis han sjølv praktiserte sin religion.

Det var midt i Ramadan, så sjåføren tok seg ein slurk vatn før han stolt opplyste at han skulle fasta heile dagen når det blei lyst. Dette året fall Ramadan saman med den kristne fastetida. – Så fint at du fastar, sa eg. – Det gjer eg òg, la eg til. Då blei det heilt stille i bilen ei lita stund, så spurte han: – Har kristne òg lov å fasta?

Eg sette i gang med ei kort utgreiing av kva kristen faste var, og var akkurat kommen til at det ikkje var ei plikt, men at kristne også blei oppmuntra til å fasta, og det på to måtar. Først ved at vi kunne velja å avstå frå noko, og slik bli påminna om Gudsdimensjonen i tilværet, men kanskje endå viktigare: å arbeida for rett og rettferd i verda…

Lenger kom eg ikkje. Flyplassen innhenta oss.

To bibelord er sentrale for mi fasteforståing: Jes 58,6: Dette er den faste eg har valt: Å løysa urettferdige lenker, sprengja banda i åket, setja undertrykte fri, bryta kvart åk sundt, å dela ditt brød med svoltne og la hjelpelause og heimlause koma i hus. Du skal sjå til den nakne og kle han, du skal ikkje snu ryggen til dine eigne.

Bibelsk faste er alltid retta mot den andre. Det er det vi driv med, vi som arbeider i Kirkens Nødhjelp, og vi som gir vår støtte til dette arbeidet. Rett over denne teksten går Jesaias i rette med dei som trur at faste er å plaga seg sjølv. Det har ikkje noko med faste å gjera, seier profeten. For det er å setja seg sjølv og sine eigne prestasjonar i sentrum. Faste er å setja nesten i fokus.

La oss gjera det i årets fastetid. Og sjå kor konkret det er! Det er å motarbeida urett, undertrykking, å dela mat, hus, vatn og motarbeida forskjellsbehandling mellom våre og andre! Det kan vi gjera ved å gi. Dette er bibelsk faste.

Samtidig er det også ei anna, meir innovervend, side ved kristen faste. I Mark. 9, 29 svarer Jesus dette på spørsmålet frå disiplane om korfor dei ikkje greidde å helbreda ein som var besett: «Dette slaget kan berre drivast ut med bøn og faste».

Jesus stadfestar i alt han seier og gjer profetane sin kritikk. Faste er ikkje eit eigenutviklingsprosjekt. Slikt har ego i sentrum. Men samtidig tar Jesus aldri avstand frå faste. I møte med verdas vondskap, enten den spring ut av enkeltpersonars handlingar, eller den er meir strukturell, økonomisk eller valdeleg (og når vi ser på fjorårets Nobelpris, kan vi vel seia at dette ofte er fenomen som heng saman), er det ein personleg dimensjon ved vondskapen. Det vonde i verda er ikkje bare der ute – vi blir også reiskap for vondskapen. Skal vi kjempa truverdig mot det vonde i verda, må vi av og til kjenna det på kroppen.

Faste er viktig. Det er å ta del i kampen for rett og rettferd. Det skal vi gjera, sterkt, uthaldande og frimodig. Samtidig blir vi utfordra til å gjera det slik at vi kjenner vi sjølv er ein del av den kampen. Ikkje for å lida, ikkje for å vera betre enn andre. Men for fysisk å bli minna om vår Gudsrelasjon. Og for å understreka at fellesskap med den andre i kampen mot det vonde er noko nært og handfast, noko heilt kroppsleg. Korleis det skal gjerast, må kvar og ein finna ut. Kanskje kan det vera ein bit av årets fasteaksjon!

God faste.

En tekstrefleksjon av Kjetil Aano, styreleder i Kirkens Nødhjelp

Tilbake