Kirkens Nødhjelp magasinet

02 2018

Flyktningen som hjelper flyktningar

Tett på: Innocent Nigindu

Flyktningen som hjelper flyktningar

Namnet hans betyr «uskyldig», og det er nettopp det Innocent er. Eit uskyldig offer for ein konflikt han ikkje rår over. Han elskar heimlandet sitt. Men i frykt for døden flykta han og familien frå Kongo.

Det er berre nokre minutt sidan himmelen på ny opna seg over flyktningleiren Kakanda. Det er regntid i Nord-Angola, og flyktningane gjer det dei kan for å få tilflukt frå den voldsomme regnbyga.

Flykta for å redde livet

I utkanten av leiren står Innocent kledd i ein knallgul regnjakke og graver bort vatn med ei spade. Vatnet er i ferd med å fylle opp tomta der alt utstyret til Kirkens Nødhjelp står, og det er Innocents oppgåve å ta vare på utstyret.

– I tillegg til lageret har eg ansvar for vatnet, latrinene og dei andre som jobbar for Kirkens Nødhjelp her i leiren, fortel Innocent.

Han er koordinator i leiren, men er på same tid også flyktning. No får han brukt eigenskapane sine og får ei lita inntekt medan han og familien ventar på at freden skal komme tilbake att til Kongo og Kasai, der dei eigentleg bur.

– I landsbyen kor eg jobba, vart meir enn 85 prosent drepne av regjeringssoldatar. Eg klarte å flykte heim til landsbyen kor eg og familien budde. Men då soldatar nærma seg, flykta me ut i skogen i fem dagar. Då eg til slutt torde å ta meg inn til byen, fann eg huset vårt endevendt. Soldatane hadde snudd opp-ned på alt. Då bestemte me oss for å flykte til Angola, fortel Innocent.

Og det er i Dundo i Angola, rett på andre sida av landegrensa, han no er. Saman med 35 000 andre flykta han hit. Totalt er 1,4 millionar på flukt frå Kasai, og alle Kongos kriser har til saman sørgt for at over 4,8 millionar er på flukt – dei fleste internt i landet.

nnocent Nigindu er 31 år og gift med Ellen. Saman har dei to barn, Sandra på fem år og George på to år. Saman flykta dei til Angola frå krigen i Kasai i Kongo. Foto: Håvard Bjelland / Kirkens Nødhjelp.
nnocent Nigindu er 31 år og gift med Ellen. Saman har dei to barn, Sandra på fem år og George på to år. Saman flykta dei til Angola frå krigen i Kasai i Kongo. Foto: Håvard Bjelland / Kirkens Nødhjelp.

Konflikten styrka gudstrua

Innocent følger nøye med på kva som skjer i heimlandet. Mobilen er verktøyet, og saman med dei andre flyktningane held han seg oppdatert på den vanskelege politiske situasjonen som utfolder seg.

I den vanskelege situasjonen har gudstrua vore viktig for Innocent. Og for han er ikkje det å vere kristen noko privat. For han er det ein livstil.

– Då Jesus trengte hjelp, fekk han mat og drikke, og det var rett, står det i Bibelen. Difor skal me hjelpe folk i naud, ikkje berre her i Kakanda, men over heile verda, seier Innocent og ber om at den bodskapen vert formidla til hans norske trusfellar.

For Innocent har det ikkje blitt vanskelegare å tru etter at krigen blussa opp, og han måtte flykte. Trua har tvert imot blitt sterkare.

– Det er Gud som kjem med svar når ting er vanskeleg. Han kjem til meg når eg er trøytt. Eg veit at den som kallar på hans namn vil få det den ber om, seier Innocent, som sjølv har mista mykje av det han hadde.

Bøn og bibel på sengekanten

Men midt oppi alt har han fått seg ein jobb, og slikt betyr mykje for Innocent.

– Ein må hjelpe sin neste, slik som det står i Bibelen. Gjennom jobben min i Kirkens Nødhjelp får eg sjansen til å hjelpe mange her i leiren med noko av det viktigaste, nemleg vatn, seier Innocent.

Regnet tek etter kvart slutt i Kakanda. Mørkret er kome, og arbeidsdagen er over i flyktningleiren Kakanda, der flyktningane bur i påvente av å få plass i den nye leiren som skal bli bygd utanfor Dundo. Familien til Innocent har allereie flytta dit, så no bur han åleine i lageret til Kirkens Nødhjelp. Kvar dag avsluttar han på madrassen i lageret med 15 minuttar med bøn og bibellesing. For Innocent er det naudsynt påfyll i ein travel kvardag som flyktning – og hjelpearbeidar.

Tilbake