Kirkens Nødhjelp magasinet

02 2018

Krisene kommer i kø i Kongo

Tema: Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon

Krisene kommer i kø i Kongo

Om krisa i Kongo vert omtalt i norske medium, så er det stort sett når media lister opp verdas mest gløymde og neglisjerte kriser. Kirkens Nødhjelp er kvar dag til stades midt i denne gløymde krisa.

Kongo er et svært land, så det vert feil å snakke om ei enkelt krise. Landet er råka av fleire kriser på same tid, og Kirkens Nødhjelp står oppi dei alle.

Ei politisk krise der presidenten har starta sitt andre år på overtid, og det er lite som tyder på at regimet gjer ein særleg god innsats med å arrangere det nye valet som skulle bli halde i desember 2016. Dermed veks misnøya hos opposisjonen, som meiner president Joseph Kabila trenerer valprosessen slik at han kan bli sittande. Dette har ført til store protestar, og fleire titals har blitt drepne av tryggingsstyrker.

Kirkens Nødhjelp har eigne kontor i Kongo og jobbar med lokale organisasjonar med politisk påverknad og fredsbygging på lokalt nivå. Det er få land i verda som hadde eit dårlegare utgangspunkt til å bygge ein stat enn det Kongo hadde etter at landet vart sjølvstendig frå Belgia. Så vegen fram til ein velfungerande stat er lang, men det er viktig å gjere ein innsats likevel.

Ei krise i Kasai der ei militsgruppe har gått til angrep på alt som kan minne om staten. Det kan vere statleg tilsette, offentlege bygg eller berre eit enkelt kongolesisk flagg. Militsen er opposisjonelle og misnøgde med at deira nye leiar ikkje vart anerkjent av regimet, og seinare drepen av kongolesiske tryggingsstyrker. Konflikten eskalerte etter drapet på vårparten i 2017, og over 1,4 millionar menneske er på flukt frå kampane, og fleire tusen er drepne. Sjølv om konflikten ikkje er like intens som tidlegare, er situasjonen uavklart, og få tør å returnere til Kasai.

Behova er enorme blant dei mange som har flykta. Dei aller fleste er på flukt inne i Kongo, kor det er flust av andre problem som må løysast. I tillegg har organisasjonar som jobbar i krisene i Kongo opplevd at det kan vere vanskeleg å få nok pengestøtte. Med andre ord er behova store. Kirkens Nødhjelp jobbar blant flyktningar frå Kasai som er komne til Nord-Angola.

Ei krise i Katanga litt lenger sør-aust enn Kasai. Dette ressursrike området har dei siste tiåra vore råka av ein stadig pågåande konflikt. Kirkens Nødhjelp starta nyleg opp arbeid blant flyktningar frå Katanga som er komne over til nabolandet Zambia. Opprørsgrupper ønskjer å lausrive Katanga frå resten av Kongo, noko styresmaktene er negative til. Dei siste åra har det vore rolegare, men mindre konfliktar blussar opp til tid og annan.

Ei krise i Aust-Kongo har også halde på i fleire år, og fleire krigar har funne stad her. Det er konfliktane i denne delen av Kongo som vanlegvis har fått mest merksemd. Området har også fått rykte på seg for å vere ein av stadane kor det vert gjennomført flest valdtekter i verda, fordi seksuell vald er ein strategi som opprørsgruppene i området nytter seg av. Mange har flykta frå regionen til andre deler av Kongo, men også naboland.

Det er i denne delen av Kongo at Kirkens Nødhjelp har sine kontor og har jobba lengst. Å støtte kvinner som har vore utsette for overgrep er ein del av arbeidet vårt. I tillegg får bønder hjelp til å drive jordbruk, og tidlegare barnesoldatar får hjelp til å komme tilbake til samfunnet.

2018 ser ut til å bli nok eit trøblete år for Kongo, med millionar på flukt og ei uløyst politisk krise.

Tilbake