Kirkens Nødhjelp magasinet

02 2018

Tungt ansvar på unge skuldrer

Tema: Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon

Tungt ansvar på unge skuldrer

Å vere ung kvinne i ein flyktningleir er ingen leik. Både Kany og Vanessa bærer både mykje vatn og ansvar for sine småsøsken. Men som for ungdom flest er framtidsdraumane store.

–Som sjukepleiar kan eg både få hjelpe andre, medan eg også hjelper familien min, seier Kany.

Å vise omsorg for andre ligg latent i Kany, som i dag har ansvaret for sine mange småsysken. Saman med familien måtte ho flykta frå kamphandlingane i Kasai, og dei enda opp i ein flyktningleir i Angola. Ikkje ein god situasjon, men takka vere hennar innsats går hjula rundt.

– Heldigvis tek det berre eitt minutt å gå til brønnen her. I Kongo måtte eg gå i over ein time. Det var tungt. Men vatn må me ha, både til å drikke, lage mat og vaske klede, seier Kany.

Kany lager mat til åtte andre i dette teltet. Foto: Håvard Bjelland / Kirkens Nødhjelp.
Kany lager mat til åtte andre i dette teltet. Foto: Håvard Bjelland / Kirkens Nødhjelp.

Vil bli forsvarsminister

Litt bortanfor, i same flyktningleir, går ei anna 14 år gamal jente rundt med ei vassbøtte på hovudet. Ho er på veg heim med nytt vatn. Vanessa har tre

storesystrer og to småbrør. Med andre ord har ho fleire å dele ansvaret med, men tek likevel i eit tak for at familien skal få gjort alt som treng gjerast. Akkurat no er framtida usikker fordi det er krig i Kongo, men Vanessa har likevel planar for framtida.

– Eg vil helst bli forsvarsminister når eg vert stor. Elles likar eg godt å sy, seier Vanessa.

For Vanessa er det å bu i eit telt noko heilt nytt og uvant. Heime i Kongo hadde familien eit eige hus, men då dei høyrte lyden av skyting, la dei på flukt. No har dei slått seg til ro enn så lenge, men flukta frå Kongo sit att i den 14 år gamle jenta.

– Me kom til fots gjennom bushen og brukte halvanna veke. Det var heilt forferdeleg. Me hadde ikkje mat, vatn, det var varmt og massevis av mygg. No bur me åtte stykk i dette teltet, fortel Vanessa, som snart vil flytte vidare til ein større og meir permanent flyktningleir.

Sårbar gruppe

Vanessa har likevel tru på at framtida vil bli betre, og ho er klar på at utdanning er nøkkelen for både ho og andre ungdommar.

– Det er ungdommen som er håpet for framtida. Difor er me nøydt til å levere kvalitet, utdanne oss godt og vere gudfryktige. Då vert resultatet bra, seier ho som kanskje vert Kongos forsvarsminister ein dag i framtida.

Kany og Vanessa representerer ei sårbar, men viktig gruppe av flyktningane. Jenter i tenåra går gjennom ein periode av livet kor kroppen er i endring, dei er ekstra utsette for overgrep, og dei får mykje ansvar i heimen. Mange gutar på deira alder har meir ansvar utanfor heimen og deltek ikkje like mykje i dei daglege gjeremåla.

Livet som fjortis vart ikkje heilt som dei hadde trudd, men Kany og Vanessa håper begge at dei snart kan reise heim att til venene sine og eit meir stabilt liv.

Tilbake