Kirkens Nødhjelp-magasinet

03 2017

Frå lokale pøblar til verdskjent jihadistgruppe

Aktuelt: Boko Haram

Frå lokale pøblar til verdskjent jihadistgruppe

Det starta med skotvekslingar med politiet, men har utvikla seg til å bli ei verdskjent jihadistgruppe med band til IS. Boko Haram har skapt ein humanitær katastrofe i Nord-Nigeria.

Året er 2002, og i ein moské i byen Maiduguri er Mohammad Yusuf lei av at den radikale moskeen berre bruker politiske og religiøse kanalar for å innføre ei strengare tolking av islam i Nord-Nigeria.

Yusuf vil heller ta i bruk valdelege middel og dannar ei utbrytargruppe som etter kvart vert kjent som Boko Haram. Gruppa stod fram som eit radikalt alternativ til dei lokale styresmaktene i delstaten Borno, som var ein av Nigerias fattigaste områder. Politi sleit med korrupsjon og opplevde stor mistillit, og nokre av innbyggjarane i Maiduguri viste heller si støtte til Boko Haram.

Noko fleirtal i folket var dei langt unna, men gruppa var likevel sterk nok til å gjennomføre ei rekkje angrep, og personar som Boko Haram meinte var vantrue vart straffa med døden.

I 2009 hadde politiet fått nok, og tryggingsstyrker gjekk til angrep mot moskeen der gruppa hadde sin base. 1000 Boko Haram-medlemmar vart drepne, men gruppa var ikkje død. I åra som følgde vaks gruppa seg endå sterkare, og hatet mot styresmaktene var framleis stort.

Bakteppet for historia om Boko Harams framvekst er eit fattig lokalsamfunn i eit land med økonomisk vekst. Korrupsjon og dårlege sjansar for god utdanning og jobb pregar også området. Den radikale, islamittiske gruppa klarte difor å finne støtte hos mange nok til å kunne vekse seg sterke. Boko Harams fekk vekse fram på grunn av fattigdom og mistillit til styresmaktene.

Gruppas namn betyr «vestleg påverknad er ei synd» og har fleire gonger gått til angrep på skular og andre lærestadar. Men stadige bombeangrep mot marknader, flyktningleire og andre stader har også vore vanleg, gjerne utført av kvinner eller barn som er lurt til å bli sjølvmordsbombarar.

Etter fleire år med terror og krig har Nord-Nigeria hamna i ein situasjon kor matmangelen er stor. 11 millionar menneske har behov for humanitær hjelp, og millionar har måtte flykte frå heimane sine og inn til trygge område. Resultatet er at jorda ligg brakk, og mange menneske lever no på vent i håp om at Boko Haram skal bli historie, og at dei lokale styresmaktene skal bli eit betre alternativ enn før.

Tilbake