Kirkens Nødhjelp magasinet

03 2018

Slo tilbake med lovens lange arm

Tema: Problemlandene: Kongo

Slo tilbake med lovens lange arm

Då Solange vart mørbanka av ein framand mann, fekk ho kjapt støtte frå andre kvinner i landsbyen. Mannen vart sett i fengsel, og no venter ho på ein dom. Slikt er sjeldan i eit land som Kongo.

–Han slo meg overalt og forsøkte å rive av meg kleda. Andre kom til og vart berre ståande å sjå på, fortel 32 år gamle Solange Kaningu Mwsimwa, som var gravid i tredje månad då ho vart angripen av ein framand mann.

Mannen er fengsla, men ute etter hemn

Mannen hadde stansa sonen og niesa til Solange, som var på veg heimover med nokre steinar i sekken. Steinane hadde dei henta frå besteforeldrane sine og skulle brukast til å lage eit bål, men mannen meinte det var han som eigde marka kor steinane hadde vore.

– Han starta å slå borna, og sonen min sprang heim for å varsle meg. Det var då eg kom dit at han starta å slå meg, fortel Solange.

Ho er sjølv medlem av ei lokal kvinnegruppe som jobbar med å få ut informasjon i nærområdet om kvinners rettar. Ho møtte nokre andre kvinner frå denne gruppa som hjalp ho med å melde saka til politiet. Det førte ikkje til noko sidan mannen er ein kjenning av politiet, og dei var redde for han. Då gjekk Solange og kvinnegruppa vidare til ein juridisk instans, slik at mannen vart straffeforfølgd for det han gjorde. No ventar ho på svar.

– Mannen har sendt SMS og sagt at han skal ta hemn på meg og alle andre som bidrog til å få han i fengsel. Eg er nøgd no som han sit inne, men spent på kva straff han får, seier Solange.

Bidreg til betre rettsvern

Historia er ikkje unik i Aust-Kongo. Regionen vert omtalt som «verdas valdtektshovudstad», og uavhengig av om det er ein riktig eller feil merkelapp, så er det på det reine at kvinners rettar er særs mangelfulle i Kongo. Og mange av dei som står bak den seksuelle valden, veit at dei kan sleppe frå ugjerninga ustraffa, noko som er årsaka til at valden kan halde fram.

Kirkens Nødhjelp støtter den engasjerte kvinnegruppa i Katana, Solange sin landsby. Gruppa bidreg til betre rettsvern for valdsutsette kvinner i Kongo. Dette gjer dei både ved å følgje opp kvinner som Solange, men også ved å få ut informasjon om kva rettar som faktisk finnest.

Som dei fleste andre land er også Den demokratiske republikken Kongo underlagt eit internasjonalt lovverk og menneskerettar, og Kongo har ratifisert mange av lovene. Men det er langt frå teori til praksis, og nettopp difor er opplysningsarbeidet så viktig. Folk må vite om kva rettar dei har for å kunne krevje sin rett.

Ein rettsstat vert bygd frå botnen av

Det er nettopp dette kvinnegruppa forsøker å gjere enklare ved å lage radiosendingar, drive opplæring av andre kvinner og halde landsbymøte.

– Me held møte to gonger i månaden, der me førebur materiale om ulike tema. Det kan til dømes handle om retten til å få gå på skule, ytringsfridom eller menneskerettar. Denne kunnskapen tek folk med seg og snakkar om til andre. Me jobbar også med å løyse lokale konfliktar før dei veks seg store Dette arbeidet er det same som å drive fredsarbeid på lokalt nivå, seier leiar av gruppa, Esperence Zawadi.

I Kongo er bygginga av ein rettsstat heilt nødt til å skje frå grasrota og opp. Samstundes må det også skje store endringar oppover i samfunnet. Nordmenn har fått eit innblikk i det manglande rettsvernet i Kongo gjennom saka mot Moland og French, der det er grunn til å stille ei lang rekke spørsmål ved prosedyren.

Men dette handlar ikkje om nordmenn. Det handlar om menneska som bur i Kongo, som har dei same grunnleggande rettane som meg og deg, men som må lide på grunn av straffefridomen. Altfor mange kongolesarar opplever at gjerningsmennene deira slepp unna, og slikt fører berre til endå meir kriminalitet.

Vegen fram er lang, men det har vore betring, og skjelettet til rettsstaten finnest. No er det opp til det kongolesiske folk å få kjøt på beina, og den jobben er Solange og dei andre kvinnene i kvinnegruppa i god gang med.

Tilbake