Kirkens Nødhjelp-magasinet

04 2017

Bygger fred i ørkenen

Aktuelt: Mali

Bygger fred i ørkenen

– Om me ikkje gjer jobben vår, vil det oppstå mange små krigar i Nord-Mali, fortel Itous Bacrene. Han jobbar i eit område kor den minste konflikt kan vakse seg stor og få dødelege følger.

«Kampar mellom fulanarar og dogon: Minst 80 drepne»

«Samanstøyt i Koro: 33 døde og åtte skadde»

«Kampar blant lokalbefolkninga: Meir enn 30 døde i Kidal»

Desse avisoverskriftene har aldri nådd norske medium, men på nettaviser som skriv om Mali, har det jamleg kome rapportar om kampar blant sivilbefolkninga som fører til fleire titals drepne.

Lagar skriftlege avtaler

Desse kampane kjem i tillegg til den konflikten du kanskje har høyrt om, nemleg den militære kampen mellom islamistiske grupper og soldatar frå Mali, Den afrikanske union og Frankrike. I tillegg er FN inne med ein eigen operasjon.

Midt oppi alt dette jobbar Kirkens Nødhjelp med å skape fred. No er det starta opp ein fredskaravane som køyrer gjennom ørkenen i Nord-Mali.

Itous Bacrene er ansvarleg for Kirkens Nødhjelps fredskaravane og køyrer rundt i ørkenen for å mekle fram fred. Stadig fleire lokale grupper krigar seg i mellom, fortel Bacrene, som meiner dialog er løysinga.
Itous Bacrene er ansvarleg for Kirkens Nødhjelps fredskaravane og køyrer rundt i ørkenen for å mekle fram fred. Stadig fleire lokale grupper krigar seg i mellom, fortel Bacrene, som meiner dialog er løysinga.

– Me får folk til å sette seg ned og snakke saman. Alle får lagt fram sitt syn, så utformer me ein skriftleg avtale som begge partar signerer. Om me ikkje gjer denne jobben, vil folk kunne drepe kvarandre, fortel Bacrene.

Han veit kva han snakkar om. Han er sjølv frå denne delen av Mali og har lang erfaring med fredsbyggande arbeid. Det høyrest både brutalt og utruleg ut at nokon vil drepe andre fordi dei er ueinige, men i Nord-Mali er ikkje alltid dialog middelet som folk tek i bruk for å løyse konfliktar.

Kirkens Nødhjelp i Mali

  • Har vore i Mali sidan 1984.
  • Jobbar med vatn, sanitær og hygiene, konfliktløysing og kampen mot kjønnsbasert vald.
  • Tilgang til vatn, omskjering av kvinner, barneekteskap og dårleg mattryggleik er blant områda Kirkens Nødhjelp jobbar med å forbetre.

Grasrota må halde saman

Det er dei knappe ressursane i Nord-Mali som fører til konfliktar. Tilgang til beiteområde og vasskjelder kan skape splid mellom landsbyar, familiar og etnisitetar. Den væpna kampen frå opprørsgrupper og islamistiske grupper har bidrege til å gjere regionen endå meir konfliktfull. Nokre grupper vert skulda for å støtte opprørsgruppene, og dette bidreg også til splid blant lokalbefolkninga.

– Folk støtter ulike sider av konflikten. Men me må få dei til å snakke saman, og me må syte for at folka på grasrota står saman, seier Bacrene, som trur fred vert skapt frå botnen av eit samfunn og ikkje frå toppen.

Konflikten i Mali er framleis høgst aktuell, og FN-operasjonen i landet vert omtalt som den farlegaste i heile FN si historie. Varig fred må byggast frå botnen, og det er dette Kirkens Nødhjelp bidreg til gjennom fredskaravanen, opplæring av ressurspersonar, støtte til lokale fredskomitear og lokale forsoningsmøte.

Tilbake

Gi en gave

Din støtte går der behovet er størst

Du kan gi uten å fylle ut opplysninger om deg selv, men legg gjerne inn e-postadresse og telefonnummer om vi kan få lov å kontakte deg av og til, for eksempel de gangene vi trenger akutt hjelp.

Fast månedlig betaling med:

eller
Gaven din kan gi 0 kr er nok til å gi 1 person personer varig tilgang til rent vann hver måned
Akkurat nå er behovene for nødhjelp akutte i