Kirkens Nødhjelp-magasinet

04 2017

Den gongen Kirkens Nødhjelp mekla fram fred i Mali

Aktuelt: Mali

Den gongen Kirkens Nødhjelp mekla fram fred i Mali

Førre gong det var konflikt i Nord-Mali spelte Kirkens Nødhjelps landrepresentant ei viktig rolle. Kåre Lode fekk tildelt ansvaret å leie fredsforhandlingane.

–Eg hadde leia fleire av Kirkens Nødhjelps prosjekter i Nord-Mali, så det var folk der som hadde tillit til meg. Eg fekk med meg fleire av dei som hadde viktige posisjonar til å diskutere fredelege løysingar, og då vart folk nøydt til å stille seg bak dei, fortel Lode.

Medan det i dag er ekstremt farleg for vestlege å opphalde seg i Nord-Mali, så var ikkje det like problematisk på midten av 90-talet, då Lode var fredsmeklar.

Tidlegare leiar for Kirkens Nødhjelps arbeid i Mali, Kåre Lode, var sentral i arbeidet med å forhandle fram fred sist gong konfliktar herja i Nord-Mali.
Tidlegare leiar for Kirkens Nødhjelps arbeid i Mali, Kåre Lode, var sentral i arbeidet med å forhandle fram fred sist gong konfliktar herja i Nord-Mali.

– Det er klart det var farleg, men ikkje veldig farleg. Det er alltids nok at berre ein person er villig til å bruke våpen. Eg spurte dei ei gong om det var eit problem at eg var kristen, men då sa dei at det ikkje var noko problem. Dei sa det viste at eg var ein Guds mann, og at dei hadde meir tillit til meg då, seier Lode.

Ifølgje Lode er situasjonen i dag annleis, og det er påverknader frå Saudi-Arabia og Nord-Afrika som pregar dagens situasjon.

– Fram til byrjinga av 2000-talet kunne me arbeide innanfor den kulturen som fantes i Nord-Mali, men deretter starta det å kome inn små grupper frå Algerie. Det var også ein del ungdomar frå Mali som fekk stipend frå Saudi-Arabia for å studera islam der i to-tre år. Det var ein aggressiv versjon av islam. Ein del av dei fekk med seg store summar for å arbeida for «den rette» typen islam i Mali, seier Lode.

Kåre Lode

Kåre Lode (til høyre)
Kåre Lode (til høyre)
  • Har jobba for Kirkens Nødhjelp i fleire omgangar, mellom anna i 1995 og 1996, då han mekla om fred i Nord-Mali. Har også jobba i andre delar av det fransktalande Afrika.
  • Har også vore misjonær for Det norske misjonsselskap og hatt nokre oppdrag for Santalmisjonen (Normisjon).
  • Har motteke fleire prisar for sitt fredsarbeid i Nord-Mali og vart mellom anna slått som riddar av Malis nasjonalorden i 2006.
  • Er i dag pensjonist og jobba dei siste åra av arbeidslivet som seniorforskar ved Senter for Interkulturell Kommunikasjon ved Misjonshøgskolen i Stavanger.

Mali var lenge sett på som eit sekulært land, kor det var heilt greitt å vere kristen, men i dag er det islamistiske ideologiar og grupper som har skapt problem som ikkje eksisterte for berre eit tiår sidan.

Lode fortel at dei også den gongen fekk folk til å sette seg saman og prate, og at det var det som førte fram til ein fredsavtale til slutt. Men på 90-talet var det særs få islamistar og stort sett tuaregopprørarar som skapte uro. Lode trur ikkje Kirkens Nødhjelp kan spele den same meklarrolla i dagens konflikt som det dei kunne på 90-talet.

– Eg var heldig og hadde bygd opp tillit ved å ha jobba med ulike prosjekt. Me var då i ein posisjon kor me kunne få tillit og bygge vidare på det, fortel Lode.

Tilbake