Kirkens Nødhjelp-magasinet

04 2017

Når krig gjer bistand vanskeleg

Aktuelt: Mali

Når krig gjer bistand vanskeleg

Kirkens Nødhjelp har dei siste fem åra merka store endringar i måten å jobbe på i Nord-Mali.

Konfliktar mellom væpna grupper og den nasjonale hæren i Mali har gjort tryggingssituasjonen i Nord-Mali særs vanskeleg. Det er berre lokalt tilsette som kan besøke dei ulike prosjekta.

– Det har blitt langt meir utfordrande for våre eigne tilsette å bevege seg rundt i Nord-Mali for å følgje opp dei ulike prosjekta. Dette er likevel eit arbeid me skal gjere, for i det lange løp er me sikre på at våre prosjekt kan bidra til at freden kan komme tilbake til Nord-Mali, seier leiaren av Kirkens Nødhjelps arbeid i Mali, Riborg Knudsen.

Kirkens Nødhjelps prosjekter har dei siste åra lagt om ein del av sitt arbeid og starta opp fleire nye prosjekt innan fredsbygging og dialog.

– Me har fått 44 millionar i støtte frå Nederland til å utvide det fredsbyggjande arbeidet i Mali dei neste fire åra saman med to nederlandske organisasjonar. Dette er kjærkomne pengar til eit viktig arbeid og vil bidra til mindre konflikt enn det som kunne vore tilfellet, seier Knudsen.

Tilbake