Kirkens Nødhjelp magasinet

04 2018

19 og på bar bakke

Aktuelt: Kongo

19 og på bar bakke

16 år gamal vart ho gifta bort til ein ugandisk handelsmann. I Kampala gjennomlevde Rehema eit mareritt før ho klarte å flykte. Livet er framleis ikkje bra, men no ser ho lyset i tunnelen.

Blikket til Rehema Bakengamwami er eit slikt blikk du aldri gløymer. Ho er ei forsiktig, ung kvinne som ikkje ser særleg sterk ut, men blikket avslører at ho bærer på historier som få andre hadde orka å bære på.

Utan framtenner

Når ho opnar munnen sin, skjønner du endå tydelegare at Rehema har måtte tole meir enn dei fleste andre tenåringar. Alle framtennene hennar er borte. Du kan høyre når ho snakkar at nokre av lydane ikkje er slik dei skal vere.

– Kona hans slo meg, og eg fekk slått ut fleire tenner, fortel Rehema.

Setninga kjem midt inni ei brutal historie om då Rehema vart gifta bort som 16-åring. Familien hennar var fattig og kunne ikkje ta vare på ho i tillegg til alle søskena hennar. Ein forretningsmann besøkte landsbyen hennar og fekk lov å ta ho med til Kampala i nabolandet Uganda.

Lydia Center

Lydia Center

Lydia Center er eit av fleire sentre for kvinner som har vore utsett for vald, tvangsekteskap eller andre traumatiske hendingar.

Kvinnene lærer å lese og får også yrkesutdanning for å klare å skaffe seg ei inntekt i framtida.

Lydia Center har i fleire år fått økonomisk støtte frå Kirkens Nødhjelp til sitt arbeid blant kvinner og barn i Aust-Kongo

Vart lova utdanning

Mannen var ein ven av Rehemas bror og lova både Rehema og familien hennar at ho skulle få gå på skule i Uganda.

– Men det vart aldri noko skule. Det viste seg at han allereie hadde ei kone. Eg vart etter kvart gravid, og då fekk eg trøbbel med hans første kone, fortel Rehema.

Så vart ho altså banka opp av mannens første kone, og mannen sjølv har berre reist av garde frå begge to. Rehema bestemmer seg for å reise åleine heim att til Kongo. Der vert ho avvist av familien fordi ho manglar tenner og er gravid.

Fekk hjelp

Rehema er heilt på bar bakke, 16 år gamal og gravid. Ho oppsøker tanta.

– Der får eg vere i eit år og to månader, og ein dag møter eg nokon som registrerer kvinner som ikkje klarer å ta vare på seg sjølv. Eg tek kontakt, og det fører meg hit, fortel Rehema.

Ho sit i ei køyeseng på Lydia Center i Goma i Aust-Kongo, ein liten båttur unna staden kor ho vaks opp på øya Idjwi midt i Kivusjøen, på grensa mellom Kongo og Rwanda. På senteret deler ho rom med andre kvinner ho deler skjebne med. Her får ho hjelp til å snakke om det ho har opplevd, og ho lærer seg eit yrke.

Kvinnenes alder spenner frå tenåra til over 60 år. Nokre har klart å komme seg ut av tvangsekteskap, mens andre har blitt valdtekne av både kjente og ukjente menn. Ei av dei som mottek hjelp, er Nadine Baseme og hennar barn.
Kvinnenes alder spenner frå tenåra til over 60 år. Nokre har klart å komme seg ut av tvangsekteskap, mens andre har blitt valdtekne av både kjente og ukjente menn. Ei av dei som mottek hjelp, er Nadine Baseme og hennar barn. Foto: Håvard Bjelland / Kirkens Nødhjelp.

Vil skape ei framtid

Men først må ho stable seg sjølv på beina att etter tre turbulente år fylt med vald og avvising. Guten hennar er tre år, men ser yngre ut. Han var underernært då dei kom til Lydia Center.

– Alt eg vil er at han skal få eit godt liv, slik som andre barn, og at han ein dag kan ta seg av meg. Her får han leike med andre barn og spele ball med dei. Han er også glad i leikesyklar og bilar, fortel Rehema om sonen Paterne.

Ein stad i Uganda går faren til Paterne rundt, og han skal sannsynlegvis aldri møte sonen sin. Men han har skapt sår i liva til både Rehema og Paterne. Djupe sår som vil ta tid å lege, spesielt for Rehema, som må starte livet på nytt i ein alder av 19 år. Heldigvis har ho gode rådgjevarar rundt seg som kan lære ho eigenskapar som ein dag vil gjere ho utstyrt til å møte kvardagen att.

– Eg ønskjer å lage smultbollar og såpe som eg kan selje, seier Rehema forsiktig.

Tilbake