Kirkens Nødhjelp magasinet

04 2018

Kongens kvinne i Mali

Tett på: Fatoumata Cissé

Kongens kvinne i Mali

Ho er ei av dei med lengst fartstid i Kirkens Nødhjelp, og dei siste ti åra har Fatou Cisse også vore Kong Haralds representant i Mali. No har ho fått Kongens fortenestemedalje for sin innsats.

–Nordmenn er ikkje så sofistikerte – og det meiner eg på ein god måte. Dei er naturlege folk, som du fort blir kjent med på eit nært og personleg plan. Og så har mange nordmenn respekt for andre kulturar og religionar. Kanskje det er ei slags utdanning de får, seier Fatou og smiler.

Ho har nettopp blitt spurt om gode og dårlege ting ved nordmenn. Dei positive sidene lister ho enkelt opp, men ho kvir seg meir for å seie noko negativt.

– Alt er i orden her i Noreg. Alt er på plass, og det er ingen kaos. Hos oss er det litt meir avslappa og litt meir uorden. Nokre gonger kan rotet i Mali vere irriterande, men når eg kjem til Noreg, saknar eg at det er litt meir avslappa heime, seier Fatou i eit forsøk på å seie noko som kunne vore betre ved Noreg.

Kultursjokk i sitt eige land

Om det er nokon i Mali som kan uttale seg om nordmenn, så er det Fatou. Ho kjenner folk frå alle delar av Noreg og på tvers av fleire generasjonar. Dei siste ti åra har Fatou vore norsk konsul i Bamako, altså Noregs fremste representant i landet. Dette er ein deltidsjobb ho har hatt i tillegg til administrasjonsjobben i Kirkens Nødhjelp.

No er tida som bistandsarbeidar og konsul forbi. Noreg har oppretta ambassade i Bamako, og Fatou er pensjonert. Då er det tid for å mimre tilbake det første oppdraget for Kirkens Nødhjelp i 1987.

– Eg hugsar eg kom ned flytrappa i Timbuktu, og det gjekk raskt opp for meg at skjørtet eg hadde på meg, var total skivebom. Eg måtte rett på marknaden for å kjøpe nye klede, fortel Fatou, som fekk eit lite kultursjokk i sitt eige land.

Utvikling trass konflikt

Og det er ikkje berre Fatou som har opplevd at Mali er eit delt land. Dei siste åra har konfliktar herja dei nordlege delane av landet. Grupper av menneske, mange av dei arbeidslause, har tatt til våpen og blitt med i islamistiske grupper som har fått fotfeste. Stort sett alle overskrifter om Mali i norske medium er negative. Det er ingen tvil om at Fatou synest utviklinga er trist, men ho har også sett mykje som har utvikla seg i riktig retning sidan ho starta i 1987.

– Kommunikasjonen er den største forskjellen. Sjølv folk i Kidal, langt oppi ørkenen, er på Facebook. Mange fleire kan skrive og lese, og dei er meir pålogga enn før. Folk er meir informerte og skjønner meir om kva som skjer. Økonomien har også endra seg, og mange fleire kan ta del i samfunnet ved å sende barna på skulen og få seg ein jobb. Utdanningsnivået og -kvaliteten har blitt høgare og når folket i større grad, seier Fatou.

– Mali har enormt mange unge, over halvparten av folket er under 18 år. Er det ein styrke eller ein byrde?

– Dette diskuterast mykje i Mali. Om me hadde hatt ein politikk som skapte utvikling, så hadde me hatt mykje arbeidskraft og mykje å spele på. Men det er arbeidsløyse som er problemet, og det er vanskeleg å snu. Mange barn har ikkje sjanse på å få ein jobb. Foreldra manglar også mykje fordi dei er arbeidslause.

– Trur du Kirkens Nødhjelp er i Mali om 30 år også?

– 30 år går fort. Eg hugsar då eg starta i Kirkens Nødhjelp, så vart det sagt at organisasjonen skulle vere der i cirka ti år. Men slik vart det jo ikkje. Det ideelle er om bistandsorganisasjonane ikkje er i Mali i det heile tatt, for eit land må klare å utvikle seg utan hjelp utanfrå. Me kan ikkje fortsette å gjere statens oppgåver, slik som helse og skule, seier Fatou.

No ventar eit pensjonistliv på Fatou, men først avsluttar ho altså karrieren som Noregs kvinne i Mali ved å motta Kongens fortenestemedalje som ridder av 1. klasse.

Tilbake