Kirkens Nødhjelp magasinet

05 2018

Jobby + hobby = adventskalender

Jobby + hobby = adventskalender

Adventskalenderen har blitt til over kontorpultane hjå Kirkens Nødhjelp. Det som før var møtedrodlingane til Håkon Strøm, har no blitt til ein heil adventskalender.

– Eg har alltid holdt på med å teikne, og stilen min er litt teikneserieaktig. Eg har alltid sitte på møter og teikna mange ulike ting i boka mi. Men no kan eg faktisk teikne på ordentleg, for det har blitt ein del av jobben min. Det liker eg veldig godt, seier Håkon.

Han har arbeidd i Kirkens Nødhjelp i 25 år. Han jobbar til vanleg med innsamlingsarbeid i Kirkens Nødhjelp og samarbeider mellom anna med næringsliv og skular. Etter kvart har Håkon laga teikningar for Kirkens Nødhjelp i ulike samanhengar.

– Det byrja med at eg teikna litt til barnesidene til Kirkens Nødhjelp sitt magasin. Så teikna eg eit superheltkonsept for å engasjere barn til fasteaksjonen, seier Håkon.

Og seinare har det blitt fleire illustrasjonar for Kirkens Nødhjelp, og dei tre siste åra har han teikna adventskalenderen.

– Eg er veldig nøgd med den siste adventskalenderen, eg trur den er den beste vi har laga fram til no. Etter tre år har teikningane mine blitt betre, seier han.

I år er motivet ein småby i Norge, med figurar frå juleeveangeliet plassert kring juletreet på torget.

– Bak lukene har den oppgåver der barna kan gjere noko for andre, slik at ein kan tenke på andre i jula og ikkje berre tenke på seg sjølv. Men på ein morosam måte, seier Håkon.

Tilbake