Kirkens Nødhjelp magasinet

05 2018

Klamrar seg til håpet

Klamrar seg til håpet

Ho var høggravid med sitt niande barn då væpna menn kom midt på natta, drap mannen og sette fyr på huset. For Justine vart det starten på eit liv som flyktning - eit liv i naud.

Justine sit i eit lite hus bygd av jord, og det einaste som slepp inn lys i det mørke rommet er døropninga – der eit tynt teppe fungerer som dør. I armane sine held Justine sin sju månader gamle son, Alibariki.

– Eg var gravid med Alibariki då eg måtte flykte. Væpna menn kom til landsbyen vår og gjekk til angrep. Me måtte berre løpe, fortel Justine, som også har åtte andre born.

Flykta inn i skogen

Og no er ho åleinemor til dei ni borna. Fordi mannen hennar vart drepen den kvelden då landsbyen vart angripen og livet vart snudd opp-ned. Familien flykta inn i skogen, men vart tatt igjen av væpna menn som drap mannen i familien, slik dei brukar å gjere. For det er som oftast mennene som må bøte med livet, mens kvinner og barn anten blir tvungne til å flykte eller blir utsette for overgrep eller kidnappingar.

Nokre av borna til Justine forsvann under flukta, men dei vart tekne hand om av naboane til Justine. No er heile familien samla i en flyktningleir i landsbyen Minova – bortsett frå den drepne pappaen.

I denne leiren har Kirkens Nødhjelp sørga for tilgang til vatn, toalett og såpe. Det bur fleire hundre internt fordrevne i leiren, fordelt utover eit lite område. Slik er det mange stader i Aust-Kongo der det er mange grupper som utøver vald og drap.

Justine Mukallarea med babyen Alibariki i flyktningleir utenfor Goma, Kongo. Foto: Håvard Bjelland / Kirkens Nødhjelp.
Justine Mukallarea med babyen Alibariki i flyktningleir utenfor Goma, Kongo. Foto: Håvard Bjelland / Kirkens Nødhjelp.

Kan aldri reise heim

Nokre av gruppene går til angrep på folk med annan etnisk bakgrunn, andre får pengar for å skape uro, men dei aller fleste er på jakt etter å sikre seg kontroll over store landområde for å utnytte ressursane der. Difor jagar dei bort slike som Justine.

– Eg har ikkje noko liv no. Eg kan aldri reise heim, for det er altfor usikkert. Eg klarer å finne nokre småjobbar, men må også tigge folk om mat, fortel den 38 år gamle nibarnsmora.

I den vesle jordhytta som familien disponerer er det to senger, og Justine får litt hjelp frå naboane. Men livet er heilt snudd på hovudet. Mannen hennar var veterinær og sørga for ei fast inntekt. No står Justine åleine att utan særleg til inntekt og utan moglegheit for å reise heim att til landsbyen ho og borna kjem frå.

– Livet er som det er. Me er trygge no, men me er heilt avhengige av hjelp frå andre for å klare oss, seier Justine mens Alibariki får ein ny dose morsmjølk.

Tilbake

Gi en gave

Din støtte går der behovet er størst

Du kan gi uten å fylle ut opplysninger om deg selv, men legg gjerne inn e-postadresse og telefonnummer om vi kan få lov å kontakte deg av og til, for eksempel de gangene vi trenger akutt hjelp.

Fast månedlig betaling med:

eller
Gaven din kan gi 0 kr er nok til å gi 1 person personer varig tilgang til rent vann hver måned