Kirkens Nødhjelp Magasinet

01 2024

Eit sterkt møte med Malawi

Malawi:

Eit sterkt møte med Malawi

Eg ser ut av flyvindauga. Ein malawisk flyplassarbeider møter blikket mitt. Han smiler breitt til meg. Dei neste dagane vil me møte mange slike smil. At malawiarane er kjend for å vere respektfulle og imøtekommande, er ikkje vanskeleg å kjenne på.

TEKST OG FOTO: Karoline Thyri, barne- og ungdomsarbeidar i kyrkja i Lærdal.

På bilde over ser vi ei jente frå Malawi Girl Guides syner fram tøybindet ho har lært å sy sjølv.

Karoline Thyri.jpg
Karoline Thyri, barne- og ungdomsarbeidar i Lærdal Sokneråd. Ho var med Kirkens Nødhjelp på mobiliseringstur til Malawi i fjor. Under Fasteaksjonen skal ho fortelje om prosjekta ho vitja, og bidra til ein vellykka aksjon saman med konfirmantane i kyrkja i Lærdal.

Mitt fyrste møte med landet var alt på Gardermoen gjennom malawiske Rebecca, som eg blei kjend med på flyet. Ho hadde besøkt Norge for tredje gong på jobbreise. Grunna kansellert fly på Haukåsen var eg ein dag på etterskot, men hadde no fått meg ein reisepartnar i Rebecca.

Tilfeldigheitane synte seg òg at me hadde sete attmed kvarandre på den siste flyetappa vår. Vel framme i hovudstaden Lilongwe var gruppa no komplett. 14 eventyrlystne nordmenn frå ulike delar av landet var klare til å tilbringa den neste veka saman, og for å få eit innblikk i kva pengane me samlar inn til fasteaksjonen, går til. Malawi er eit av dei fattigaste landa i Afrika. At berre ti prosent av befolkninga har strøm, er vanskeleg å begripe.

Føremålet med reisa er å auke forståinga for dei grunnleggande årsakane til urett og kva Kirkens Nødhjelp kan gjere med det, utifrå det moderne bistandsarbeidet me har i dag. Her jobbar KN særleg med tre temaområder: økomomisk rettferd, kjønnsbasert vold og reproduktiv helse, og forvaltning av naturressursar.

DRYPPVATNINGSSYSTEM

Bildetekst 1 Foto Karoline Thyri.jpg
Gjennom ei mentorordning får bøndene opplæring og oppfølging av agronomar. Dryppslangane gjer at dei sparar både vatn og tid.

Det fyrste projektet me besøkte, handla om jordbruk. Gjennom ei mentorordning får bøndene opplæring og oppfølgjing av agronomar. Dryppslangane gjer at dei sparar både vatn og tid, og dei lærer kva slags grønnsaker som gjev bedre kvalitet og større avlingar. Agronomane har òg synt dei korleis dei kan lage sin eigen kunstgjødsel. I løpet av eit år kan dei no hauste av tre avlingar, der dei både kan fø sin eigen familie og få eit overskot til sal på ein lokal marknad eller eit hotell i nærleiken. Målet med projektet er at bøndene etter kvart skal bli sjølvstendige, utan mentorane i ryggen, og at dei vil formidle kunnskapen vidare til andre bønder i nærmiljøet.

VATNINGSVEIT

Fleire plassar fekk me sjå kor viktig det var å dyrke næringsrik mat på ein tidseffektiv og ressurseffektiv måte, både for å auke matsikkerheit og å auke innteninga til innbygjarane i landsbyane.

I det tørre klimaet heime i Lærdal har bøndene i uminnelege tider leia vatn frå elv til dyrka mark med kunstig vatning. Ei vatningsveit bestod av ei hovudvatnåre og kanalar som kunne opnast og stengjast for å leie vatnet der ein ynskjer. Vatningsanlegg med trykkvatn tok etter kvart over det gamle transportsystemet i Lærdal, men i ein liten fjellandsby i Malawi fekk me sjå noko som minna om vatningsveitene heime. Frå nasjonalparken i området renn friskt vatn nedover dalen. Kirkens Nødhjelp har bistått i bygginga av rørsystemet som fraktar vatnet frå elva og opp i dalsidane.

MALAWI GIRL GUIDES

Eit besøk som gjorde stort inntrykk på meg, var møtet med Malawi Girl Guides Association (MAGGA) - ein frivillig organisasjon, som er open for alle jenter og unge kvinner, utan forskjell på tro, rase, nationalitet ellen andre omstende. Me møtte jentene på skulen, der dei har klubb ein gong i veka. På Girl Guide-klubben får jentane utvikle dei ferdigheiter og den sjølvtilliten dei treng for å gjere positive endringar i liva sine og omgjevnadene.

Gutane har òg ein tilsvarannde klubb kalla Boys Scouts. På alle stadane me besøkte, vart me alltid møtt med tradisjonell song og dans. Velkomsten me fekk på denne skulen, nådde nye høgder. Eg og to andre frå reisefølgjet vårt vart utnemd som Æres Girl Guides og fekk overrakt kvart vårt uniformskjerf frå ei av Girl Guides-jentene. Det var sterkt å sjå dei gå fram, ein og ein, og fortelje om det dei hadde lært – om ulike typar vald, om grensesetting, å ta vare på kroppen sin, om menstruasjon og korleis dei sjølv kan sy eigne tøybind.

TIDSKLEMMA

Gruppa blei godt rista saman etter mange timar i buss, der me òg fekk sjå mykje av landet langs vegen. Vegstandarden var av varierande grad. Det førte til at me stadig låg etter tidskjema og kom ofte fram til prosjekta både ein og to timar for seint. Her i Norge lever me liva vore etter klokka, men slik var det ikkje i Malawi. Om me var seint ute, betydde det ingenting. Dei var berre takksame for at me i det heile kom, så me kan ta med oss historiane deira – og dele dei vidare.

Tilbake