Kirkens Nødhjelp Magasinet

03 2023

– Befolkninga lid

Myanmar

– Befolkninga lid

I Myanmar fortsett sivilbefolkninga å betale ein høg pris. Vald, angrep og samanstøyt rammar sivile, og det er inga teikn til forbetring.

I morgontimane 1. februar 2021, nokre timar før den demokratisk valde regjeringa National League For Democracy (NLD) skulle møtast for første gong etter valet i 2020, tok militære styrkar i Myanmar over makta i landet. Maktovertakinga utløyste ei voldsom politisk, sosioøkonomisk og humanitær krise.

Kamphandlingar og angrep har ført til sivile lidingar og ei reversering av utviklingsframsteg dei siste åra. FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) anslo tidligare i år at omlag halvparten av befolkninga lever i fattigdom,grunnadenpolitiskesituasjonen i kombinasjon med etterverknadar av pandemien.

DRAP OG MASSEFLUKT

OCHA rapporterte også at nesten tre tusen menneske har blitt drepne sidan maktovertakinga, og at nesten 1,2 millioner menneske har flykta frå heimane sine sidan kuppet. Over 70 000 av dei skal ha forlate landet sidan militærkuppet. I tillegg kjem over 1 million andre flyktningar inkludert hovuddelen av landets muslimske rohingya-befolkning, som har flykta frå vedvarande forfølging og angrep dei siste tiåra.

– På toppen av det heile skaper inflasjon, aktive kamphandlingar og kraftig redusert matproduksjon enorme utfordringar som presser matprisane opp på nivå som mange familier ikkje har råd til, seier Margrethe Volden, seksjonsleiar for Midtøsten og Asia i Kirkens Nødhjelp.

KREVJANDE FOR HJELPEARBEIDARAR

Trass i enorme humanitære behov har bistanden til Myanmar i liten grad nådd fram til dei som treng det mest.
– Menneskerettsaktivistar er under sterkt press, og den alvorlege situasjonen gjer det krevjande for våre partnarar å operere i landet. Det er ein kamp om å nå fram til dei som treng det mest, seier Volden.

KIRKENS NØDHJELP I MYANMAR

Kirkens Nødhjelp har jobba i landet sidan 2008, men har støtta prosjekt i Myanmar heilt tilbake til 1990-talet. I 2017 etablerte Kirkens Nødhjelp og den danske søsterorganisasjonen Folkekirkens Nødhjælp (DanChurchAid) eit samarbeidsprogram i landet.

Saman gjev vi støtte til befolkninga i Myanmar gjennom humanitær bistand og langsiktig utviklingshjelp. Gjennom lokale partnarar arbeider vi for å nå ut til marginaliserte og sårbare grupper i landet.

Jenter og kvinner i konfliktfylte eller kriseramma område som i Myanmar har langt større risiko for å bli utsette for seksuell vald og diskriminering. Vi arbeider for å betre vilkåra til offer og for å førebygge kjønnsbasert vald og diskriminering

Tekst: Markus Plementas. Foto: STR/AFP.

Tilbake