Politikk om klimarettferd

Her er ei oppsummering av kva partia meiner om klimarettferd.

Arbeidarpartiet ynskjer å gjere klima sentralt i politikken. Dei vil kutte 55 % av norske utslepp innan 2030 og innføre klimamål for alle sektorar. Ap har eit mål om ‘stabilt aktivitetsnivå’ i norsk olje- og gassindustri som ikkje er i tråd med å gjere klimaomsyn førande for norsk politikk. Klima skal vere sentralt i utviklingspolitikken til Ap, og dei vil sørge for at Noreg tek internasjonalt leiarskap. Partiet er ikkje tydeleg på at pengar til klimatiltak må komme i tillegg til bistandspotten. 

Arbeidarpartiets program 2021-2025 

Høgre vil at meir av norsk bistand skal gå til klimatiltak i utviklingsland, men vil òg kutte den totale potten til bistand. Dette gjer at klimatiltak i utviklingsland går ut over anna bistand. Høgre vil gjere det lønsamt å gjennomføre klimapolitikk og styrke ‘forureinar betalar’-prinsippet. Likevel har ikkje Høgre stadfesta Noregs klimamål i plattforma si. Dei vil ha vekst i norsk olje- og gassindustri og legg ikkje opp til store utsleppskutt i Noreg.  

Høgres program 2021-205 

Framstegspartiet nemner ikkje Parisavtalen, 1,5-gradersmålet eller klimafinansiering til utviklingsland  i programmet sitt. Dei vil heller ha kritisk debatt kring årsakene til klimaendringane, og fokuserer på tiltak dei ikkje vil gjennomføre. FrP  ynskjer å «fortsette å utvikle olje, gass og leverandørindustrien», og har nesten ingen klimatiltak i programmet.  

Framstegspartiets program 2021-2025 

Senterpartiet dreg fram klima i mykje av sin politikk. Dei stadfestar både 1,5-gradersmålet i Parisavtalen og behovet for meir klimafinansiering til utviklingsland, særleg til jordbruk og for at folk skal kunne tilpasse seg klimaendringane. Sp vil òg sjå på skattereglane for norsk olje og gass, men anerkjenner ikkje at denne industrien må fasast ut om verda skal nå klimamåla. Dei har ikkje tydelege klimamål for Noreg og er ikkje klare på kor mykje dei vil gi i klimafinansiering til fattige land. 

Senterpartiets program 2021-2025 

Sosialistisk Venstrepartis klimapolitikk har fokus på rettferd og inneheld konkrete tiltak for utsleppskutt. SV vil at Noreg skal kutte så mykje utslepp som mogleg, og minst 70 prosent innan 2030. Dei er tydelege på at olje- og gassindustrien må omstillast, og vil fjerne tiltak og skattereglar som held han kunstig i live. Partiet meiner at norsk klimafinansiering må trappast kraftig opp, og at tilpassing til klimaendringane må prioriterast. SV er òg tydelege på at dei vil ha ein klar plan for opptrappinga, men ikkje på at pengane skal komme i tillegg til det som i dag går til bistand.  

Sosialistisk Venstrepartis program 2021-2025 

Venstre vil at Noreg skal leve opp til sin del av Parisavtalen og vil nå målet om å kutte 55 % av norske utslepp gjennom nasjonale tiltak. Dei vil fjerne tiltak som fører til meir og lite lønsam oljeutvinning og stanse nye løyve. Venstre vil gi klimafinansiering, men er ikkje tydelege på kor mykje, kvar pengane skal kome frå, eller kva dei skal gå til.  

Venstres program 2021-2025 

Kristeleg Folkeparti ynskjer å auke norsk klimafinansiering med nye pengar i tillegg til bistandsbudsjettet. Dei vil vidare kutte 55 % innan 2030, og føre budsjett over utslepp og kutt. KrF er ikkje tydelege på at norsk olje og gass må inn i ei sluttfase. 

Kristeleg Folkepartis program 2021-2025 

Miljøpartiet Dei Grøne har mange ambisiøse mål og konkrete tiltak i klimapolitikken sin. Dei ynskjer å kutte 80 % av norske utslepp innan 2030 og vil føre budsjett over dette gjennom statsbudsjettet. I tillegg vil dei fase ut olje- og gass-industrien og tiltaka som held denne kunstig i live. MDG vil gi éin prosent av BNI til klima- og naturtiltak internasjonalt i tillegg til bistand. Dette er nesten på linje med anslag over Noregs rettmessige del av internasjonal klimafinansiering. 

Miljøpartiet Dei Grønes program 2021-2025 

Raudt har klima som ei av hovudsakene sine og vil kutte 70 % av norske utslepp innan 2030. Dei foreslår både handlingsplanar og klimabudsjett for å sikre at måla vert nådde, og vil trappe ned olje- og gassindustrien. Vidare vil Raudt gi meir til klimatiltak i fattige land og er tydelege på at desse pengane må vere nye og spegle Noregs rettmessige ansvar for klimakrisa.  

Raudts program 2021-2025