Politikk om oljefondet

Arbeiderpartiet ynskjer at Oljefondet skal vere verdsleiande på ansvarleg forvalting og klimarisiko. Det skal investerast i infrastruktur for fornybar energi og anna klimateknologi. Arbeiderpartiet vil òg bruke Oljefondet til å fremje god skatteetikk. Dei er ikkje tydelege på at etikk skal kome før profitt, og at oljefondet bør investere i utviklingsland. 

Høgre har ikkje noko politikk på Oljefondet anna enn at Oljefondet ikkje skal brukast som eit politisk verktøy.  

Framstegspartiet vil bruke mykje av Oljefondet til å investere i norsk infrastruktur. Anna enn dette seier ikkje FrP noko om korleis fondet skal investere.  

Senterpartiet vil at Oljefondet skal investere meir miljøvenleg og bidra til positiv utvikling gjennom investeringane sine, til dømes for å betre arbeidsmiljø. Dei er ikkje tydelege på at etikk må kome før profitt, og har sett høg avkastning som det første kravet til fondet.  

Sosialistisk Venstreparti meiner at forvaltinga av Oljefondet er eit politisk spørsmål. Dei er tydelege på at investeringar må gjerast etter etiske omsyn, og vil at Parisavtalen og Berekraftsmåla skal vere førande for investeringane. SV vil òg styrke etikken på ei rekke andre område, slik at fondet ikkje investerer i skatteparadis, alkohol, autonome våpen eller øydelegging av regnskogen. 

Venstre ynskjer at Oljefondet ikkje skal investere i selskap som har veldig høg risiko for å bryte dei etiske retningslinjene til fondet. Dei vil investere i tråd med Parisavtalen og er kritiske til investeringar i selskap som er knytte til skatteparadis eller okkuperte område. 

Kristeleg Folkeparti vil at Oljefondet skal ha mål om høgast mogleg avkasting, men med klare etiske kriterium. Dei vil trekke fondet ut av selskap som produserer alkohol og våpen, og vil investere i meir fornybar energi.  

Miljøpartiet Dei Grøne trekker ein tydeleg samanheng mellom oljefondet og Noregs historiske ansvar for klimakrisa, og vil bruke pengar frå fondet til klima- og miljøtiltak. Dei vil òg at fondet skal bidra til å oppfylle FNs berekraftsmål. 

Raudt meiner at Oljefondet er politisk og vil trekke fondet ut av selskap som bidreg til miljø- og klimaøydeleggingar, brot på menneskerettane, skattesnyting og anna. Dei vil òg ha ei meir demokratisk styring av fondet.