Politikk om samstemtheit

Arbeiderpartiet viser samstemt tankegang når dei ynskjer å bygge alle vedtak på berekraftsmåla, og ha klima og natur som ramme for all politikk. Til dømes dreg dei klima inn i handels- og utanrikspolitikken sin. Men AP har ikkje konkrete tiltak for å sikre at all politikk trekker i same retning. 

Høgre nemner ikkje at all politikk må trekke i same retning, og har heller ingen tiltak for dette. 

Framstegspartiet snakkar ikkje om behovet for at all politikk trekker i same retning som berekraftsmåla. Der er eit par snev av tankegangen i programmet, men konsekvente tiltak manglar. 

Senterpartiet meiner at klima skal vere ei ramme rundt all politikk. Slik ser dei klima, natur og miljø i samanheng med andre samfunnsmål. Elles har ikkje SP konkrete tiltak for samstemtheit i programmet sitt. 

Sosialistisk Venstreparti vil ha klare tiltak for å sikre samstemtheit. Dei ynskjer ein samstemt politikk for utvikling gjennom god koordinering mellom departementa og årleg rapportering til Stortinget om konsekvensane av norsk politikk for utviklingsland og menneskerettane.  

Venstre meiner at norsk utviklingsstøtte er best når all norsk politikk dreg i same retning, og vil arbeide med landa som mottek bistand frå Noreg for å sikre at berekraftsmåla vert oppnådde. Utanom dette har ikkje Venstre tydelege tiltak for samstemtheit. 

Kristeleg Folkeparti er klare på at all norsk politikk må vere samstemd for at vi skal oppfylle FNs berekraftsmål og oppnå sosial, økonomisk og demokratisk utvikling i fattige land. Dei vil difor arbeide for at ulike tiltak trekker i same retning, og vurdere konsekvensane av norsk politikk i utlandet. 

Miljøpartiet Dei Grøne meiner at all politikk må trekke i same retning som berekraftsmåla og Parisavtalen. Dette har dei både tydelege mål og tiltak for å sikre. 

Raudt nemner ikkje samstemtheit spesifikt i partiprogrammet sitt.