Politikk om våpenkontroll

Her er i oppsummering av kva partia meiner om våpenkontroll.

Arbeidarpartiet vil gje norsk forsvarsindustri gode og langsiktige rammevilkår og sørge for eit strengt regelverk for eksport av forsvarsmateriell. I programmet står det at dei vil jobbe for å innføre sluttbrukarerklæring frå alle land, og for at dette vert ei norm internt i NATO. Partiet har ingen andre tydelege tiltak for korleis regelverket for og kontrollen av eksporten kan styrkast slik at ikkje norske våpen kan nyttast til brot på humanitærretten og menneskerettane. I programmet står det at FN sitt forbod mot atomvåpen er eit godt initiativ, at Noreg på noverande stadium ikkje kan underteikne det, men at det bør vere eit mål for Noreg og andre NATO-land å underteikne.  

Arbeidarpartiets program 2021-2025 

Høgre vil ha eit sterkare internasjonalt samarbeid for nedrusting og mot spreiing av atomvåpen og andre masseøydeleggingsvåpen. Samtidig vil dei sikre gode og føreseielege vilkår for norsk våpenindustri. Høgre nemner ikkje behovet for eit strengare regleverk og kontroll av norsk eksport av våpen og anna militært materiell for å sikre at ikkje norske militære varer kan nyttast til  brot på menneskerettane og humanitærretten.  

Høgres program 2021-205 

Framstegspartiet nemner ikkje våpeneksport og behovet for regulering i programmet sitt.  

Framstegspartiets program 2021-2025 

Senterpartiet vil greia ut kontrollmekanismar for å etterprøve at vilkår vert overhaldne ved sal av militært materiell, våpen og ammunisjon . Dei vil òg at Noreg skal signere og ratifisere FN-traktaten som forbyr atomvåpen, og jobbe for at fleire land gjer det same.  

Senterpartiets program 2021-2025 

Sosialistisk Venstreparti meiner at Noreg har eit særleg ansvar for å styrke nasjonal kontroll av våpeneksport og vil sikre at norske våpen aldri kan brukast i strid med folkeretten og menneskerettane. Dei vil stanse all våpeneksport frå Noreg, og norske selskap i utlandet, til land som bryt humanitærretten og utfører grove brot på menneskerettane. For å gjere dette vil dei sette ned eit utval som skal gjennomgå eksporten og foreslå strengare reglar. I tillegg vil SV at Noreg skal slutte seg til FNs forbod mot atomvåpen. 

Sosialistisk Venstrepartis program 2021-2025 

Venstre vil ikkje at Noreg skal eksportere våpen som kan brukast til å undertrykke eiga befolkning eller bryte folkeretten. Dei vil ha eit strengt og føreseieleg regelverk, underlagt streng parlamentarisk kontroll. . Dei meiner òg at Noreg bør signere FNs forbod mot atomvåpen.  

Venstres program 2021-2025 

Kristeleg Folkeparti vil sikre at norske våpen ikkje vert selde til autoritære land der det er risiko for at våpena vert brukte til undertrykking eller brot på menneskerettane. Dei foreslår at regelverket for eksport skal gjennomgåast og at informasjon om eksport vert offentleg. I tillegg vil KrF at Noreg skal signere FNs atomvåpenforbod. 

Kristeleg Folkepartis program 2021-2025 

Miljøpartiet Dei Grøne ynskjer at regelverket for sal av norske våpen skal vere strengt, legge folkeretten til grunn og ikkje opne for sal til autoritære land som bryt menneskerettane. Dei vil at Noreg skal slutte seg til FNs forbod mot atomvåpen.  

Miljøpartiet Dei Grønes program 2021-2025 

Raudt vil stanse all våpeneksport til land i krig, medrekna utanlandsk innblanding i borgarkrigar, samt krevje sluttbrukarerklæring for all våpeneksport frå Norge og norskeigde selskap i andre land.  I tillegg krev Raudt at Noreg straks skal underteikne forbodet mot atomvåpen. 

Raudts program 2021-2025