Vegen frå Betlehem

Jula byr på tekstar, songar og tradisjonar som kallar oss nettopp til Betlehem; ein ganske liten og ubetydeleg landsby i Palestina. Men viktig av to vesentlege grunnar: Det er kong David sin fødeby. Og profetiane om Messias peikar på Betlehem som frelsaren sin fødeby. Byen var allereie utpeikt av profeten Mika, nesten 800 år tidlegare som frelsarkongen sin fødestad; «Du, Betlehem, Efrata, minst mellom slektene i Juda! Frå deg lèt eg ein herskar over Israel koma. Hans opphav er frå gammal tid, frå eldgamle dagar.»

Juletradisjonen handlar mykje om å reise tilbake til denne staden. Som i Nicolai Fredrick Severin Grundtvigs 24 vers lange julesalme ”Det kimer nu til julefest”. 

”Å, kom bli med til Davids by 

hvor engler synger under sky! 

Å, la oss gå på marken ut 

hvor hyrder hører nytt fra Gud!” 

Medan vi samlar oss til julefeiring i Noreg, valfartar pilegrimar og turistar nettopp til denne byen. Og dei gjer det på grunn av den hendinga vi feirar her i kyrkja i dag: Frelsaren sin fødsel. Over staden der det skal ha hendt, er det bygd ei fødselskyrkje, brennpunktet for denne hendinga som delar heile verda si historie i eit før og eit etter: før denne fødselen – og etter. Tilreisande i milliontal kjem for å sjå denne staden kvart år. 

Tekstane i Bibelen fortel at dei fleste aktørane i det opphavelege dramaet for 2000 år sidan også var tilreisande. Maria og Josef drog frå Nasaret i Galilea til Betlehem. Englane kom frå himmelen. Vismennene kom frå Østerland. Gjetarane frå beitemarkene sine i nærleiken. 

Reisa til Betlehem kunne på mange måtar vore overskrifta på juleforteljinga. Ho har alle ingrediensar til ei god reiseskildring full av spenning. Den lange, slitsame turen, jakta på ein stad å bu; som endar i selskap med dyr, nokre fattige gjetarar og ei krybbe som frelsarkongen si første seng. Mystiske vismenn, stjerneteikn, englar i lufta og så den listige kong Herodes som med heile maktapparatet freistar å få teke det nyfødde barnet av dage.  Reiseskildringa er spektakulær og spenningsfylt. Ho har enorm tiltrekkingskraft på vaksne som barn. Ho har inspirert kunstnarar til alle tider. Ein av dei, målaren Jacob Weidemann, kallar denne forteljinga den vakraste som nokon gong er fortalt. 

Dersom det hadde stansa der, hadde det kanskje vorte med den gode historia. Men hendinga vart i staden eit verdshistorisk vendepunkt som definerer vår tidsrekning. 

Samtidig er den forteljinga om korleis kvart menneske gjennom trua kan få del i Jesus-lyset og bringe det vidare til verda rundt seg. Det er den største julegåva av dei alle. På merkelappen står namnet ditt. Gåva kan du ta imot og opne ved eit enkelt ”ja takk” til å følje han. 

Då blir du med han på vegen frå Betlehem. 

For alle dei vi høyrer om i juleevangeliet går vegen vidare frå denne byen.  

Englane drog frå Betlehemsmarkene attende til himmelen. Der heldt dei fram med å lovprise Gud; Ære vere Gud i det høgaste.  

Gjetarane drog attende på jobb. Dei lovprisa også Gud for alt dei hadde høyrt og sett, alt slik som det var blitt sagt til dei.  

Vismennene som hadde følgt stjerna fram til staden der barnet var, vart fylt av jublande glede, dei fall på kne og hylla han. Så drog dei heim igjen til landet sitt.  

Men Josef og Maria drog ikkje tilbake dit dei kom frå. For den vesle nybaka familien, venta eit liv på flukt.  

For Jesus-truande menneske i Egypt er nettopp biletet av den vesle familien på  veg frå Betlehem, eit kjært uttrykk for Jesu nærvær midt i deira eiga smerte; anten ho er prega av krig, forfølging eller overgrep. 

Slik lyd forteljinga i Matteus-evangeliet: 

Då vismennene hadde dratt bort, viste Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.» Han stod opp, tok barnet og mora og drog til Egypt same natta. Der vart han verande til Herodes døydde. Slik skulle det oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten: Frå Egypt kalla eg son min. 
 
Då Herodes skjønte at vismennene hadde lurt han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem og nabolaget som var to år eller yngre; dette svara til den tida han hadde fått vite av vismennene.»  (Matt.2,13-16) 

Vegen frå Betlehem var ein veg til landflyktigheit, ein veg for å søkje vern mot overgrep frå vonde makthavarar. Først då kong Herodes var død, kunne familien returnere til heimlandet sitt og slå seg ned i Nasaret. Jesus visste kva det var å vere flyktning. Difor gjer han seg til eitt med dei forfølgde. 

Å følgje Jesus på vegen frå Betlehem er å velgje side for dei forfølgde, dei forletne, dei marginaliserte. Denne vegen er for mange menneske prega av tørke eller flaum, svolt eller sjukdom, krig eller terror, frykt eller einsemd. Dette er vegen frå Betlehem. Å møte menneske i naud er ein del av kallet for alle som vil følgje han.  

På vegen frå Betlehem i følgje med Jesus, kan menneske rørast og mørkeret brytast av det sanne lys som lyser for kvart menneske. Slik blir vegen frå Betlehem også vegen heim.

Gjengitt etter Dagfinn Høybråten: "Hjemme i julen" Luther forlag, 2016. Med forlagets tillatelse.

Publisert: