Kirkens Nødhjelp magasinet

02 2017

Margarets draum om eit blikktak

Tema: Fasteaksjonen

Margarets draum om eit blikktak

– Livet hadde vore mykje enklare utan borna mine, seier Margaret Mlewa. Slike ord gjer vondt for ei mor å seie høgt, men den 35 år gamle fembarnsmora svarer berre dønn ærleg på eit vondt spørsmål.

Ho kunne sikkert sagt at borna hjelper ho med alt som må gjerast, eller at borna gjev ho overskotet ho treng for å møte utfordringane i kvardagen. Men Margaret svarer ikkje det. Ho veit at eit barn krev omsorg, ho veit at det er ho som har ansvaret for deira oppvekst.

Margaret ville aldri vore forutan eit einaste av sine fem barn, men at livet hadde vore enklare utan dei, det må ho likevel innsjå.

– Det er beinhardt å bu i denne landsbyen. Nokre dagar kan vere gode, andre er mindre gode. Eg vaknar ofte sjuk, og då er det hardt å gjere alt eg er heilt nøydt til å få gjort, seier Margaret.

Ho sit utanfor huset sitt i landsbyen kor ho er vaksen opp. Ho er stolt av å eige dette huset saman med eldstesonen på 18 år. Målet deira er å få råd til å bytte ut stråtaket med eit blikktak. Men dei må nok spare ei stund til for å klare det.

Mannen som Margaret var gift med, bur ikkje så langt unna, men etter at ho separerte seg frå han for tre år sidan, har ho stått åleine med ansvaret for dei fem borna frå fem til 18 år.

– Kvar dag er hovudutfordringa å få tak i nok mat til familien. Me dyrkar ein del sjølv på ein åkerlapp nokre timer unna. Der har me jordnøtter, bomull, hirse og nøtter. Noko av det me dyrkar sel me for å få rad til anna mat. Også har eg min eigen butikk der eg sel tomatar som eg syklar til næraste by for å kjøpe, fortel Margaret.

Ho er rak i ryggen og stolt over alt ho får til. Samstundes er ho veldig sårbar. Ei lita endring i kvardagens rutinar kan bety at borna ikkje får mat.

– Den nye brønnen har betydd mykje. Det har gjort det mykje enklare å hente vatn, og sparer meg for masse tid kvar morgon. I tillegg har me mykje mindre magevondt og diaré. Det gjev oss meir overskot til å arbeide, og gå på skulen, seier Margaret.

At ho og borna er mindre sjuke, heng også saman med at Margaret har fått opplæring i hygiene frå Kirkens Nødhjelps partnarorganisasjon i Tanzania, Tanganyika Christian Refugee Service. Oppvasken har ho løfta opp frå bakkenivå, slik at dyra ikkje lenger kan slikke matrestar. Og utanfor toalettet har ho no ei såpe, og ho har hengt opp små gule tønner med vatn som forsyner hendene med vaskevatn.

Den nye brønnen og den nye hygienekunnskapen har ikkje gjort livet til Margaret enkelt, men det har gjort livet enklare. For ei mor med åleineansvar for fem born er alle endringar til det betre gull verdt. Og om nokre år har ho og sonen kanskje spart opp nok pengar til å kjøpe blikktaket dei begge drøymer om.

Tilbake

Gi en gave

Din støtte går der behovet er størst

Du kan gi uten å fylle ut opplysninger om deg selv, men legg gjerne inn e-postadresse og telefonnummer om vi kan få lov å kontakte deg av og til, for eksempel de gangene vi trenger akutt hjelp.

Gaven din kan gi 200 kr er nok til å gi 1 person personer varig tilgang til rent vann hver måned
Akkurat nå er behovene for nødhjelp akutte i Syria og Øst-Afrika