Blogg-liste
Velsigna av Gud – øydelagd av menneske
Ingen land i verda har eit større potensiale for rikdom enn Den demokratiske republikken Kongo. Likevel lever kongolesarar flest i djup fattigdom, og no er dei godt på veg inn i ei ny krisetid.

«Å vekse opp i Kongo, om det hadde blitt slik som Gud ville det; er som å vekse opp i Paradis. Men takka vere menneskets vilje er ein oppvekst i Kongo ein elendig oppvekst»
Hør episoden av vår podkast "Vidvinkel" om Kongo her, eller i din podkastapp:
Dette er dei første orda i dokumentaren «This is Congo» som vart sendt på NRK 17. april. Det er Mamadou Ndala som seier dette. Han var oberst i den kongolesiske hæren fram til han vart myrda på mystisk vis. I dokumentaren vert det spekulert i om det var hans eigne som myrda han.
Dette er ei av veldig mange historier som knapt gjev meining for ein nordmann. Kvifor myrde ein populær oberst som klarer å oppnå støtte frå folket når det er så mange militsar igjen å nedkjempe?

Noko svar på spørsmålet, eller i det heile tatt eit tydeleg svar på kven som myrda Ndala, kjem me aldri til å få. I tillegg er det tusenvis av andre spørsmål som det går an å stille seg om Kongo. For det er verkeleg slik Ndala seier i filmen: Kongo er utruleg vakkert og ressursrikt, men samtidig fullt av negative og deprimerande historier.
Vald har blitt løysinga
Eg besøkte Kongo før påske, og har mange gode ord å fortelje frå besøket. Eg har knapt besøkt noko vakrare stad enn Aust-Kongo. Grønnkledde åsar, aktive vulkanar, vill jungel og eit rikt folkeliv.
Samstundes var det tydeleg at aggresjon og misnøye låg rett under overflata. Og minst ei gong til dagen vart me vitne til at denne aggresjonen kokte over. Slåsskampar kunne oppstå på få sekund, og valden var ofte løysinga på eit problem.

Til dømes vart eg vitne til to mopedistar som kom borti kvarandre i morgonrushet. Ingen stor kollisjon når ein tek høgde for at det skjedde i den kaotiske og anarkiske trafikken i Kongo. Men likevel førte den vesle kollisjonen til ein endå større kollisjon mellom dei to sjåførane.
Umiddelbart etter kollisjonen kastar den eine sjåføren seg over den andre sjåføren, også vart dei liggande der og slåss i vegkanten. Rundt dei to kamphanane samla folk seg for å sjå på, og ikkje for å stanse dei. Skademelding er det lite nytte i, då få er forsikra.
Liknande situasjonar oppstod altså fleire gonger, og for meg vart dette ein påminnar om det eg visste skjedde andre stader i Kongo akkurat no. For vald i ulike former er diverre særs vanleg i Kongo. Væpna grupper går til angrep på sivile og heile landsbyar i jakta på territorie og ressursar. Andre gonger får valden utløp i form av valdtekt, eller som gatejustis – slik som i situasjonen eg vart vitne til.
Vald har liksom blitt løysinga på alle problem.

Mogleg å snu
I dag er 4,8 millionar kongolesarar på flukt. Dei aller fleste er på flukt i sitt eige land, og søker tilflukt på stader dei kan føle seg tryggare. Vald er eit enormt samfunnsproblem i Kongo, og den hindrar utvikling. Dei mest sårbare er kvinner og barn, men det er menn som står for den aller meste av valden. Kirkens Nødhjelp står midt oppi dette og bidrar mellom anna til at flyktningar får vatn, og valdtekne kvinner får hjelp.
Me gjer også mykje anna, og noko av det viktigaste me gjer er å bidra inn i arbeidet med å bygge eit meir solid demokrati, og ein rettvis kongolesisk rettsstat.
Det er mange små skritt igjen på vegen fram mot eit fredeleg Kongo. Men eg deler refleksjonane til Ndala – under alt den menneskeskapte nauden skjuler det seg eit vakkert land med eit vakkert folk.