Kirkens Nødhjelps blogg

Velsigna av Gud – øydelagd av menneske

Ingen land i verda har eit større potensiale for rikdom enn Den demokratiske republikken Kongo. Likevel lever kongolesarar flest i djup fattigdom, og no er dei godt på veg inn i ei ny krisetid.

Yrande folkeliv i flyktningleiren Kakanda i Angola, nær grensa til Kongo. 4,8 millionar kongolesarar er på flukt, 500.000 har flykta til nabolanda. I Kongo får valden regjere, noko som går ut over dei svakaste. Foto: Håvard Bjelland / Kirkens Nødhjelp.

«Å vekse opp i Kongo, om det hadde blitt slik som Gud ville det; er som å vekse opp i Paradis. Men takka vere menneskets vilje er ein oppvekst i Kongo ein elendig oppvekst»

Hør episoden av vår podkast "Vidvinkel" om Kongo her, eller i din podkastapp:

Dette er dei første orda i dokumentaren «This is Congo» som vart sendt på NRK 17. april. Det er Mamadou Ndala som seier dette. Han var oberst i den kongolesiske hæren fram til han vart myrda på mystisk vis. I dokumentaren vert det spekulert i om det var hans eigne som myrda han.

Dette er ei av veldig mange historier som knapt gjev meining for ein nordmann. Kvifor myrde ein populær oberst som klarer å oppnå støtte frå folket når det er så mange militsar igjen å nedkjempe?

FN er tungt til stades i Aust-Kongo, noko som vekker blanda kjensler hos befolkninga. Mange meiner FN burde gjere meir for å stanse valden, men det har ikkje FN-soldatane mandat til.
FN er tungt til stades i Aust-Kongo, noko som vekker blanda kjensler hos befolkninga. Mange meiner FN burde gjere meir for å stanse valden, men det har ikkje FN-soldatane mandat til. Foto: Håvard Bjelland / Kirkens Nødhjelp.

Noko svar på spørsmålet, eller i det heile tatt eit tydeleg svar på kven som myrda Ndala, kjem me aldri til å få. I tillegg er det tusenvis av andre spørsmål som det går an å stille seg om Kongo. For det er verkeleg slik Ndala seier i filmen: Kongo er utruleg vakkert og ressursrikt, men samtidig fullt av negative og deprimerande historier.

Vald har blitt løysinga

Eg besøkte Kongo før påske, og har mange gode ord å fortelje frå besøket. Eg har knapt besøkt noko vakrare stad enn Aust-Kongo. Grønnkledde åsar, aktive vulkanar, vill jungel og eit rikt folkeliv.

Samstundes var det tydeleg at aggresjon og misnøye låg rett under overflata. Og minst ei gong til dagen vart me vitne til at denne aggresjonen kokte over. Slåsskampar kunne oppstå på få sekund, og valden var ofte løysinga på eit problem.

Det kan ofte sjå stille og fredfullt ut, men rett under overflata lurer valden i Kongo. Her frå Kivu-sjøen ein tidleg morgon. Regionen opplever akkurat no store flyktningstraumar på grunn av pågåande vald frå militante opprørsgrupper.
Det kan ofte sjå stille og fredfullt ut, men rett under overflata lurer valden i Kongo. Her frå Kivu-sjøen ein tidleg morgon. Regionen opplever akkurat no store flyktningstraumar på grunn av pågåande vald frå militante opprørsgrupper. Foto: Håvard Bjelland / Kirkens Nødhjelp.

Til dømes vart eg vitne til to mopedistar som kom borti kvarandre i morgonrushet. Ingen stor kollisjon når ein tek høgde for at det skjedde i den kaotiske og anarkiske trafikken i Kongo. Men likevel førte den vesle kollisjonen til ein endå større kollisjon mellom dei to sjåførane.

Umiddelbart etter kollisjonen kastar den eine sjåføren seg over den andre sjåføren, også vart dei liggande der og slåss i vegkanten. Rundt dei to kamphanane samla folk seg for å sjå på, og ikkje for å stanse dei. Skademelding er det lite nytte i, då få er forsikra.

Liknande situasjonar oppstod altså fleire gonger, og for meg vart dette ein påminnar om det eg visste skjedde andre stader i Kongo akkurat no. For vald i ulike former er diverre særs vanleg i Kongo. Væpna grupper går til angrep på sivile og heile landsbyar i jakta på territorie og ressursar. Andre gonger får valden utløp i form av valdtekt, eller som gatejustis – slik som i situasjonen eg vart vitne til.

Vald har liksom blitt løysinga på alle problem.

Wokowo Mbikameshe skreller kokebananar. Han bur i ein flyktningleir for internt fordrivne kongolesarar. Til høgre står tre år gamle Tatuna Nabwagala.
Wokowo Mbikameshe skreller kokebananar. Han bur i ein flyktningleir for internt fordrivne kongolesarar. Til høgre står tre år gamle Tatuna Nabwagala. Foto: Håvard Bjelland / Kirkens Nødhjelp.

Mogleg å snu

I dag er 4,8 millionar kongolesarar på flukt. Dei aller fleste er på flukt i sitt eige land, og søker tilflukt på stader dei kan føle seg tryggare. Vald er eit enormt samfunnsproblem i Kongo, og den hindrar utvikling. Dei mest sårbare er kvinner og barn, men det er menn som står for den aller meste av valden. Kirkens Nødhjelp står midt oppi dette og bidrar mellom anna til at flyktningar får vatn, og valdtekne kvinner får hjelp.

Me gjer også mykje anna, og noko av det viktigaste me gjer er å bidra inn i arbeidet med å bygge eit meir solid demokrati, og ein rettvis kongolesisk rettsstat.

Det er mange små skritt igjen på vegen fram mot eit fredeleg Kongo. Men eg deler refleksjonane til Ndala – under alt den menneskeskapte nauden skjuler det seg eit vakkert land med eit vakkert folk.

Del innlegget

 
Facebook