Saman mot kniven

– Det er berre eit hol igjen til menstruasjonsblod og urin, seier Kidist Belayneh. Ho fortel om ei kulturell rite som vil få dei fleste til å grøsse. Ei kulturell rite ho kjempar mot saman med prestar og imamar.

Tenk deg at det føres ein liten kniv opp mellom beina dine, også kjenner du ein intens smerte. Kjønnsleppene dine er borte, og blodet fossar ut. Etter kvart kjem det kanskje fram ei nål og ein tråd. Vagina vert sydd igjen, og det som er att er eit lite hol der menstruasjonsblod og urin kan passere.

Kan føre til dødsfall

Inngrep som dette har millionar av kvinner blitt utsette for, og særskild i Afrika. I Somalia, til dømes, er nesten alle kvinner omskorne, i Etiopia er 74 prosent omskorne. I nokre land nøyer dei seg med å omskjere, medan dei i andre land også brukar nål og tråd.

– Omskjering er ofte tett knytt opp til ekteskap. For å vere sikker på at ei jente kan giftast bort, må ho omskjerast. Når ho er omskjert er ho rein, og attraktiv for ektemannen, fortel Kidist Belayneh som jobbar for Kirkens Nødhjelp i Etiopia, mellom anna med å kjempe mot kvinneleg kjønnslemlesting.

Følgene kan vere særs alvorlege: Dødsfall som følgje av forbløding, store komplikasjonar under fødsel, kroniske smerter i underlivet og problem ved urinering og menstruasjon er noko av det som omskjering kan føre til.

Allierer seg med religiøse leiarar

Mange trur praksisen er ei religiøs rite, slik mannleg omskjering kan vere, men skikken har ikkje noko med religion å gjere. Det er ei kulturell rite, som har blitt juridisk ulovleg i fleire land, men som likevel stikk så djupt i kulturen at den framleis vert utført på millionar av kvinner den dag i dag.

Ei av dei største utfordringane i arbeidet med å stanse kvinneleg omskjering er å snu folks tankar om praksisen. Mange trur det er til barnets beste å gjennomføre inngrepet, sjølv om sanninga er det stikk motsette, og dei er opptekne av å følgje kulturen og skikkane til forfedra.

For å nedkjempe praksisen med kvinneleg omskjering må det ei haldningsendring til for eit heilt samfunn. I mange utviklingsland er det dei religiøse leiarane som folk flest lyttar til, og difor er Kirkens Nødhjelp opptekne av eit tett samarbeid med religiøse leiarar for å kjempe mot praksisen.

– Å involvere religiøse leiarar er ikkje ei gong eit val, for religion er viktig for folk i Etiopia. Religion er i hjarta til folk, og religiøse leiarar påverkar dagleglivet til folk, seier Kidist.

Oppnådd gode resultat

Gjennom kyrkjer og moskear kan ein få spreidd informasjon om kva kvinneleg omskjering faktisk dreier seg om. Etiopia er døme på eit land der me legg til rette for dialog mellom religiøse leiarar, og der målet er å skape ei haldningsendring blant etiopiarar flest.

Ved å få temaet fram i lyset, og skape ei felles einigheit om at omskjering av kvinner ikkje er ein praksis ein vil halde fram med, så kan ein på sikt få endre haldninga til ein heil landsby og eit heilt samfunn.

– Me må få folk til å forstå kva dette handlar om. At dette handlar om kvinners rettar, og at det er eit overgrep, seier Kidist.

Kirkens Nødhjelps partnarar i Etiopia har allereie oppnådd gode resultat i dette arbeidet. Opplysningsarbeid, kombinert med tilbod om grunnleggjande helsetenester, har ført til at mange tusen etiopiske jenter har blitt skjerma for eit så alvorleg inngrep som det omskjering er.

Kidist er glad for at det går den rette vegen. Å endre ein tradisjon og ein kultur er vanskeleg, men med religiøse leiarar på laget er ho sikker på at ho skal få det til.

Les heile rapporten her

 

Kjønnsbasert vold og reproduktiv helse

Les mer om Kjønnsbasert vold og reproduktiv helse her

Vi arbeider med kjønnsbasert vold og reproduktiv helse i disse landene:

Den dominikanske republikk Etiopia
Guatemala Kongo
Malawi Mali
Pakistan Somalia
Sudan Sør-Sudan
Zambia  

Publisert:

Gi en gave

Din støtte går der behovet er størst

Du kan gi uten å fylle ut opplysninger om deg selv, men legg gjerne inn e-postadresse og telefonnummer om vi kan få lov å kontakte deg av og til, for eksempel de gangene vi trenger akutt hjelp.

Fast månedlig betaling med:

eller
Gaven din kan gi 0 kr er nok til å gi 1 person personer varig tilgang til rent vann hver måned
Akkurat nå er behovene for nødhjelp akutte i